En dag i Tallinn

Akkurat no er det ikkje så veldig mulig å gjere dei store reisene, men vi har håp for at det skal opne seg litt i Europa framover mot sommaren. Ein litt undervurdert destinasjon vi gjerne vil anbefale då, er Tallinn! Hovudstaden til vårt nesten-naboland Estland er liten, men kompakt, og full av flotte opplevingar! 

Sightseeing: Gamlebyen
Mitt beste tips for å oppleve Tallinn, er enkelt og greitt å berre gå. Gamlebyen er ikkje stor, så du får sett mykje på kort tid, og er på UNESCOs verdensarvliste, som den best bevarte middelalderbyen i Nord-Europa! Gå ikkje glipp av Alexander Nevsky-katedralen, ein russisk-ortodoks katedral med flott utsmykking, som ligg godt synlig i gamlebyen. Om du vandrar litt rundt, og velger oppoverbakkane, vil du snart også snuble over fine utkikkspunkt der du kan beundre gamlebyen! 

For den med litt barnslig humor, går det også an å følge den lengste gata i Tallinn, som strekker seg gjennom gamlebyen - Pikk, som er det estiske ordet for lang. 

Freedom Square er også verdt å få med seg. Dette er eit område meint for fotgjengarar, med gamle forsvarsstrukturar lagt under glass som du kan gå over, og dermed få eit innblikk i historia til det vesle landet. 

Lunsj: Vegan Inspirasioon
Er du veggis, vil du fort bli positivt overraska over kor utrulig vegan-vennlig Tallinn er, og berre i gamlebyen finn du eit stort utval veganske restaurantar og kafear - med ganske lite kreative navn. For eksempel Vegan Inspirasioon og Vegan Restauran V (denne er svært populær, og du bør reservere bord i forkant). 

I løpet av dagen: Koht 
Om du er glad i øl og befinner deg i Tallinn, må du innom Koht. Tenk Schous-kjellaren, berre komprimert til eit lite, men koslig rom, og med all øl du kan tenke deg. Og garantert andre sortar, også. 

Middag: F-hoone! 
F-hoone har fantastisk god mat, og gode drinkar. Restauranten ligg i Telliskivi-området, som tidligare var industri-område, og som no er ultragentrifisert, hipt og levande. Restauranten ser derfor ut akkurat slik du trur - rustikt, med murstein og rør som går gjennom bygninga, høge tak, og bittelitt klønete planløysing. Menyen er veldig variert, og tilbyr mat både for kjøttelskaren, veganeren og den som er allergisk mot det meste - og alle er sikra eit nydelig måltid. 

Drinks etter middag: Sveta 
Sveta ligg få meter frå F-hoone, og er derfor perfekt for ein cocktail etter middag. Avhengig av når du går dit får du enten behagelig atmosfære, eller fullstendig full fest. Uavhengig av det - her får du veldig gode cocktails, som vert laga med omtanke, og menyen minner meir om eit motemagasin enn ein bar-meny. Gøy, veldig gøy.